Antall besøkende siden 9. desember 09

fredag 14. september 2012


paLASSet

sjølv eigaren av det største huset 
kan berre vera i eitt rom samstundes
bruke ein stol i gongen
sitte på det eine doet med si einaste rumpe
senke hovudet  ned  på den eine puta det er bruk for

hugse og ikkje gløyme passordet til porten
repetere alle kodar
komme opp med namn på nokon som kan passe på
dei som sjekkar dei som pussar sølvet
som kan renske ut dei som bur i krokane

og etterkvart lure på kor grensa går
for kor godt det går an å ligge

når kvadratmetrane sig ut og går i eitt med horisonten
kjem draumen om å gå seg vill i skogen
berge seg med blåbær
finne den vesle hytta  med open dør  
makrell i boks
og ei fyrstikk som berre er ei fyrstikk

onsdag 5. september 2012