Antall besøkende siden 9. desember 09

tirsdag 15. mai 2012






ein dag venleiken ligg flat i dårlege bøker
og det kjem elitesoldatar ut av TV-kanalane
teiknar barnet mor og blomane jamhøge


katta melder einsidig våpenkvile frå sofaryggen

i verandakassa svaiar dillen


og det vakre snakkar til deg frå lange røter

2 kommentarer:

jostein åsali sa...

heng meg fast
i ei av dine røter

tusen sa...

.vil du vera med så heng på-
:-)