
ja ja...
midt i buketten svevde kvite egg
evigheita skulle dei ta slørlett om ho kom
(statistikken kunne berre stikke)
det ultimate talet var to to og ja ja
godorda i boge over midtgangen
sitringa i bekkenbotnen
avstanden mellom munnane var mellombels
inne i ein svart gjerdestolpe med fjør sto brudgommen
i skogen av slektstre og skjørte-reir
ikkje ei einaste tale om ukvemsord ord som small i golvet
isjiasnerver
manøvrering av ulyst og ungar med nebb
neida
ja ja ja ...

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar