Jostein Åsali har sendt deg en kobling til en blogg:
fekk ikkje lagt inn denne kommentaren: den tid vi rodde båt mest slik vi no hoppar i bil måtte einkvar vite at ausekar var like viktig som årer for livberging
(No har eg limt den inn,Jostein) Det er ausekar(ar) som held oss flytande! :-)
-når monologen får napp
bryt dialogen vassflata
ringar oss inn..........................
......................................................
Hjernen har millionar av ubrukte celler. Eg vil prøve å bruke ei av dei her på bloggen. Så her går eg ,svinsar,skrid,haltar,hoppar, flanerer i nærmiljøet (m/unntak). Kjem ein langt nok unna er dette ein eksotisk stad. Dessutan er det store å finne i alt smått og omvendt.
Etter 40 års jobbing i psykiatrien veit eg og at -folk flest- ikkje finst og at -langt unna- ikkje er ein dimensjon for utspel verken av komedien, tragedien eller det surrealistiske.Heller ikkje for det ultimate vakre. Reprisar finst ikkje. Timane er ferskvare. Samstundes ER det lite nytt under den store sola og 40-watts-pæra er slik ho alltid har vore. Men vår eigen fiberoptikk tek heile tida nye vegar. Om vi hjelper litt til.
Her legg eg ut heimelaga. Prøver i all beskjedenheit og skreddersy tekst til bilde. Skuldersaum. I beste fall ei strippa løgn som liknar noko sant...Glimt frå det verkelege,vanlege absurde...
4 kommentarer:
Kort, og svært godt. :)
(Så du er du , ein stad mellom datafri/frik?)
Jau takk for det! (det har som enkeltdikt vorte publisert i to omgangar.)
Jostein Åsali har sendt deg en kobling til en blogg:
fekk ikkje lagt inn denne kommentaren: den tid vi rodde båt mest slik vi no hoppar i bil måtte einkvar vite at ausekar var like viktig som årer for livberging
(No har eg limt den inn,Jostein)
Det er ausekar(ar) som held oss flytande! :-)
Ett utmärkt bildspråk!
Legg inn en kommentar