Antall besøkende siden 9. desember 09

lørdag 1. desember 2012

                gardina heng mørk magisk

                frå alle himlar



                hovudretten bluesblå



                den lysande desserten

                flambert i begge endar


Posted by Picasa

fredag 14. september 2012


paLASSet

sjølv eigaren av det største huset 
kan berre vera i eitt rom samstundes
bruke ein stol i gongen
sitte på det eine doet med si einaste rumpe
senke hovudet  ned  på den eine puta det er bruk for

hugse og ikkje gløyme passordet til porten
repetere alle kodar
komme opp med namn på nokon som kan passe på
dei som sjekkar dei som pussar sølvet
som kan renske ut dei som bur i krokane

og etterkvart lure på kor grensa går
for kor godt det går an å ligge

når kvadratmetrane sig ut og går i eitt med horisonten
kjem draumen om å gå seg vill i skogen
berge seg med blåbær
finne den vesle hytta  med open dør  
makrell i boks
og ei fyrstikk som berre er ei fyrstikk

onsdag 5. september 2012

tirsdag 24. juli 2012




holrommet i sansane
ein mjuk start
for døden
som kjem og går
ikkje

Posted by Picasa

søndag 22. juli 2012


Posted by PicasaUTØYA 22.07.2012


vakne, fatte

vi som vart råka av rekylen
vi som sit med ei framtid i fanget

vi som tek brødet og kjærleiken for gitt
noko vi kvar og ein kan bestille på internett 
utan å reise oss opp frå stolen
tynga ned av vår eigen navle

vi som har levd tre og fire gonger 15 år
vi som har nok fingrar og tusen val

kan vi gjera noko annleis
med stilla som heng etter guten i nabolaget

kan vi vakne ein dag og fatte
at kvart einaste hjarte er raudt
at kvar einaste øy heng  saman under havet

fredag 29. juni 2012


Posted by Picasa
ein gong var eg plomma i egget til mor mi






 eggeskalet


stilla slår sprekker

lørdag 23. juni 2012

glansnummer


Posted by Picasa
midnattsola
fangar nattesøvnen
i gyllen lasso
viser sitt glansnummer
for dei døgnville

fredag 25. mai 2012

refreng























svanesangen atonal

ikkje eit einaste lyspunkt
å krype inn i

taktstokken smuldrar
gapande refreng
Posted by Picasa

søndag 20. mai 2012

dans




vinden dansar flagget
vinen dansar plagget

feiring på full stong

Posted by Picasa

tirsdag 15. mai 2012






ein dag venleiken ligg flat i dårlege bøker
og det kjem elitesoldatar ut av TV-kanalane
teiknar barnet mor og blomane jamhøge


katta melder einsidig våpenkvile frå sofaryggen

i verandakassa svaiar dillen


og det vakre snakkar til deg frå lange røter

mandag 9. april 2012

dokumentar



Posted by Picasa 

 idag har eg rydda

i fortida mi

slik fekk eg akkurat plass

til historia

om meg sjølv

tirsdag 3. april 2012

off-pist


Posted by Picasa

lyset ler


over appelsin-lendet


i huda


når du tek solheisen


til toppmålet


utløyser lavina


påskar deg off-pist

søndag 18. mars 2012

torsdag 15. mars 2012

på leit


Posted by Picasa
ulmebrannen



smelta dei heitaste orda



 stundom let han ei smal røykstripe sive ut



 nok til at ho vendte seg mot han



 snusande

lørdag 10. mars 2012

sjeldsynt



Posted by Picasa
eit ærleg andlet
funne nedstøva i arkivet

det er frakta til Samtidsmuseet

trur du meg ikkje?

søndag 4. mars 2012


Posted by Picasa
ein gong


når sommarfugl-vengen 

har slipt fjellet ned til sandkorn

nok til ufattelionar timeglas

er du framleis ikkje vaken

fallande



Posted by Picasa

gjennom dagar og netter
ber tida deg på hendene 


eit ujamndøgn
slepp ho deg
rett ned 

tirsdag 21. februar 2012

kveldstur

 

sparkføret
får fram meiar på tankane
alle element som har navn
er aleine

mellom deg og grannane
er det same avstand som mellom hjula på Karlsvogna

når du snur
ser du at månen framleis er einøygd







Posted by Picasa

torsdag 19. januar 2012

onsdag 4. januar 2012

ja


Posted by Picasa


ja  ja...  



midt i buketten svevde kvite egg  

evigheita  skulle dei ta slørlett om  ho kom

(statistikken kunne berre stikke)



det ultimate talet var to to og ja ja



godorda  i boge over midtgangen

sitringa i bekkenbotnen

avstanden mellom munnane  var  mellombels



inne i  ein svart gjerdestolpe med fjør sto brudgommen

i skogen  av slektstre og skjørte-reir   



ikkje  ei einaste tale  om ukvemsord ord som small i golvet

isjiasnerver

manøvrering av ulyst  og ungar med nebb  

neida



ja  ja      ja     ...