Antall besøkende siden 9. desember 09

lørdag 30. juli 2011

4.93 millionar minus ein


Posted by Picasa
slik havet held armane kring øya
når ho søv
breier vi tankane rundt di siste redsle

fredag 29. juli 2011

universalfarge


Posted by Picasa
sommaren stikk opp mellom kvar ei tå

ein badeball  får fart frå brune hender


dei vaksne sit stille i skuggen


delar den svarte svien mellom raude hjarte

lørdag 23. juli 2011

23.juli 2011


Posted by Picasa
poesien leitar seg plass mellom orda

når dei eksploderar
teier det heimlause diktet

samlar seg over dirrande støv

Her er det også på svensk, omsett av den fine forfattaren Bengt Berg.
Sidan mi meining er at svensk er det vakraste språket eg kjenner til,
gjev det også dette vesle diktet eit løft. Det er meir intensitet i -darrande damm- enn i -dirrande støv-.
http://bengtbergs.blogspot.com


poesin letar sig plats mellan orden


när de exploderar

tiger den hemlösa dikten


samlar kraft över darrande damm

fredag 15. juli 2011


Posted by Picasa
dei har slutta og svelge kjærleiken rå
dei tek han filtermalt

onsdag 6. juli 2011