Antall besøkende siden 9. desember 09

onsdag 29. juni 2011

gåve


Posted by Picasa
det uforståelege fnugget
frå alarmraud himmel

sprellar i pudra utakt

fersken
øreflipp
lysglimtet under steinen

vippar dagen over til meg

mandag 20. juni 2011

glansnummer



midnattsolen
fanger nattesøvnen
i gyllen lasso
viser sitt glansnummer
for døgnville

 (Frå -napp-, Orkana forlag 2004)

Sidan dette vesle diktet er omsett til mange språk (bl.a. kinesisk) tek eg med den engelske versjonen henta frå boka: "Northern light and midnight sun" (Natur og kulturforlaget)

Midnight sun
snares
night-sleep
in golden lasso
shows off its star turn
to the time-bemused
Posted by Picasa

torsdag 16. juni 2011






















alle er på veg til eit barn
dei flimrar forbi 
deg
ein stilleståande bauta over ingenting

ei hand i lufta  for å stoppe vinden
ein fot i jord for å kjenne  språket frå ein gamal morgon

ein dag er du  kartongen flyttefolka  har til overs
flat  og lite plasskrevjande
treng du ikkje  kle deg ut
for og passe inn på  kjøpesentret
der vektaren står støtt 
peikar på inngangen og seier det er utgangen




Posted by Picasa

lørdag 4. juni 2011

landet er på sitt lengste i juni


Posted by Picasa  verandadør på gløtt
   
     valmuer på  stolputa
 
    den innbilte syrinlukta