Antall besøkende siden 9. desember 09

onsdag 16. mars 2011

bad news



på dei krigsherja dagane

skrur eg ned til svart/kvitt

så skjer eg så fint eg kan

av osten
Posted by Picasa

mandag 14. mars 2011

setningsflåte

sjolv dei vakraste orda

dei vi flyt på
som salmer eller kontikiflåter

gøymer brådjup

der ikkje ein einaste bokstav slepp inn
Posted by Picasa

søndag 13. mars 2011

og til dei som ikkje lenger kan sjå



her
ifrå silkepapiret
vi bur på
kjem ein blome
til dei
havgapet slukte
og til dei
som måtte sjå på
Posted by Picasa

lørdag 12. mars 2011

trådlaus

























det gjekk ingen raud tråd
gjennom livet hennar
ingen silkeorm heller
Posted by Picasa