Takk, dokker to. Til Gertie,-merkelig at det ikke går å legge inn innlegg på "form tusen"? Eg fekk nyleg ein kommentar og det gjekk og heilt greit og svare, så på denne sida av bloggen verkar alt normalt. Men teknikken tek av og til sine høgst eigne vegar! Vonar det ordnar seg! ;-)
-når monologen får napp
bryt dialogen vassflata
ringar oss inn..........................
......................................................
Hjernen har millionar av ubrukte celler. Eg vil prøve å bruke ei av dei her på bloggen. Så her går eg ,svinsar,skrid,haltar,hoppar, flanerer i nærmiljøet (m/unntak). Kjem ein langt nok unna er dette ein eksotisk stad. Dessutan er det store å finne i alt smått og omvendt.
Etter 40 års jobbing i psykiatrien veit eg og at -folk flest- ikkje finst og at -langt unna- ikkje er ein dimensjon for utspel verken av komedien, tragedien eller det surrealistiske.Heller ikkje for det ultimate vakre. Reprisar finst ikkje. Timane er ferskvare. Samstundes ER det lite nytt under den store sola og 40-watts-pæra er slik ho alltid har vore. Men vår eigen fiberoptikk tek heile tida nye vegar. Om vi hjelper litt til.
Her legg eg ut heimelaga. Prøver i all beskjedenheit og skreddersy tekst til bilde. Skuldersaum. I beste fall ei strippa løgn som liknar noko sant...Glimt frå det verkelege,vanlege absurde...
3 kommentarer:
er ny
denne hausten
ikkje den ifjor var
tørkar av føtene vil våt
vere
*tapastakk*
Hösten städar undan och öppnar för nya rena intryck!
PS. Kan inte göra inlägg på Form Tusen...texten försvinner ut i tomma intet när jag "skickar" DS.
Takk, dokker to.
Til Gertie,-merkelig at det ikke går å legge inn innlegg på "form tusen"?
Eg fekk nyleg ein kommentar og det gjekk og heilt greit og svare, så på denne sida av bloggen verkar alt normalt. Men teknikken tek av og til sine høgst eigne vegar!
Vonar det ordnar seg!
;-)
Legg inn en kommentar