Antall besøkende siden 9. desember 09

søndag 28. august 2011

vakne,fatte






vi som er råka av rekylen
vi som sit med ei framtid i fanget

vi som tek brødet og kjærleiken for gitt
noko vi kvar og ein kan bestille på internett  utan å stå opp frå kontorstolen
tynga ned av vår eigen navle

vi som har levd tre og fire gonger 15 år
vi som har nok fingrar og tusen val

kan vi gjera noko annleis med stilla som heng etter guten i nabolaget
kan vi vakne ein dag og fatte at kvart einaste hjarte er raudt
at kvar einaste øy heng  saman under havet

Posted by Picasa

6 kommentarer:

jostein åsali sa...

format
seier større
styrke til å stole på
såg vi med auge som høyrde
vi las

*tapastakk*

tusen sa...

Takk for kommentaren din,Jostein.

jostein åsali sa...

cantusfirmus.blogspot.com

om du vil sjå innom :)

tusen sa...

Vore innom fleire gonger alt...+

Linnea sa...

"At kvar einaste øy heng saman under havet" er så flott sagt

tusen sa...

Ja,for om havet vart borte kvar var øya da?