Hei Gertie! Eit ordtak seier: Det er håp i hengande snøre. Det har du tydelegvis lest ut av dette! Og Anne, -eg ga nyleg ut"tenke på kva havet heiter ein regnfull dag" (lyrikk) men eg skriv vanlegvis mange "enkeltståande" dikt ut ifrå dagsaktuelt. Og få publisert er eit nålauge men eg har ikkje gitt opp blikkontakten med det da...<"god gåsehud" skal ein ta imot med takk..
-når monologen får napp
bryt dialogen vassflata
ringar oss inn..........................
......................................................
Hjernen har millionar av ubrukte celler. Eg vil prøve å bruke ei av dei her på bloggen. Så her går eg ,svinsar,skrid,haltar,hoppar, flanerer i nærmiljøet (m/unntak). Kjem ein langt nok unna er dette ein eksotisk stad. Dessutan er det store å finne i alt smått og omvendt.
Etter 40 års jobbing i psykiatrien veit eg og at -folk flest- ikkje finst og at -langt unna- ikkje er ein dimensjon for utspel verken av komedien, tragedien eller det surrealistiske.Heller ikkje for det ultimate vakre. Reprisar finst ikkje. Timane er ferskvare. Samstundes ER det lite nytt under den store sola og 40-watts-pæra er slik ho alltid har vore. Men vår eigen fiberoptikk tek heile tida nye vegar. Om vi hjelper litt til.
Her legg eg ut heimelaga. Prøver i all beskjedenheit og skreddersy tekst til bilde. Skuldersaum. I beste fall ei strippa løgn som liknar noko sant...Glimt frå det verkelege,vanlege absurde...
5 kommentarer:
Jeg leser og ser og leser og ser og får på en måte gåsehud på en god måte. I mitt hode tenker jeg BOK!!! du bare MÅ gi ut bok du vennen :-)
Och så ser vi hoppets strimma lysa så klar...
Hei Gertie!
Eit ordtak seier: Det er håp i hengande snøre. Det har du tydelegvis lest ut av dette!
Og Anne, -eg ga nyleg ut"tenke på kva havet heiter ein regnfull dag" (lyrikk)
men eg skriv vanlegvis mange "enkeltståande" dikt ut ifrå dagsaktuelt.
Og få publisert er eit nålauge men eg har ikkje gitt opp blikkontakten med det da...<"god gåsehud" skal ein ta imot med takk..
Kjempeflott dikt!
Takk!
Ikkje dumt med besøk på bloggen av deg!
:-)
Legg inn en kommentar