-når monologen får napp
bryt dialogen vassflata
ringar oss inn..........................
......................................................
Hjernen har millionar av ubrukte celler. Eg vil prøve å bruke ei av dei her på bloggen. Så her går eg ,svinsar,skrid,haltar,hoppar, flanerer i nærmiljøet (m/unntak). Kjem ein langt nok unna er dette ein eksotisk stad. Dessutan er det store å finne i alt smått og omvendt.
Etter 40 års jobbing i psykiatrien veit eg og at -folk flest- ikkje finst og at -langt unna- ikkje er ein dimensjon for utspel verken av komedien, tragedien eller det surrealistiske.Heller ikkje for det ultimate vakre. Reprisar finst ikkje. Timane er ferskvare. Samstundes ER det lite nytt under den store sola og 40-watts-pæra er slik ho alltid har vore. Men vår eigen fiberoptikk tek heile tida nye vegar. Om vi hjelper litt til.
Her legg eg ut heimelaga. Prøver i all beskjedenheit og skreddersy tekst til bilde. Skuldersaum. I beste fall ei strippa løgn som liknar noko sant...Glimt frå det verkelege,vanlege absurde...
6 kommentarer:
Nydeleg. Både dikt og bilete.
Takk takk.
Inspirerande med ei ny lita dotterdotter!
Gratulerer med den lille datterdatteren! Det er stort! Diktet er nydelig.
Takk!
Ja,like stort og ufatteleg kvar gong.
Snakk om å få ei gåve i fanget...
diktet
songen spelet
draumebilde sanna
skriket bleier strevet vaking
gullgodt
*beibilukketapas*
ja, slik.
til alle tider
:-)
Legg inn en kommentar