alle er på veg til eit barn
dei flimrar forbi
deg
deg
ein stilleståande bauta over ingenting
ei hand i lufta for å stoppe vinden
ein fot i jord for å kjenne språket frå ein gamal morgon
ein dag er du kartongen flyttefolka har til overs
flat og lite plasskrevjande
treng du ikkje kle deg ut
for og passe inn på kjøpesentret
der vektaren står støtt
peikar på inngangen og seier det er utgangen


2 kommentarer:
Intressant illustration till synnerligen tänkvärda ord!
Just så...blev det inte mer än så här...
Ja.
Så lite . Som å ramme inn luft kanskje?
:-)
Legg inn en kommentar