Antall besøkende siden 9. desember 09

torsdag 15. desember 2011

torsdag 1. desember 2011

lørdag 12. november 2011

langvegsfarande


gjennom persienna

rir novembersola
ein salrygga sebra 
gnikkar seg mot ein kaktus


eit stikk til hausten

tirsdag 11. oktober 2011

mandag 3. oktober 2011

noko nytt å seie om hausten?


Posted by Picasa


for fyrste gong har han slege seg ned her

så langt eg kan sjå er han hårgrå og med ustelte naglar
jafsar i seg nattesøvn og frø

spelar tango døgnet rundt
dansar sakte 


skinn mot skinn 

lørdag 10. september 2011

ungane flygedyktige


september samlar 
sine knutepunkt
morgonfuglen speidar 
etter landingsplass

sirklar inn 
mosaikken av eggeskal 






Posted by Picasa

tirsdag 6. september 2011

søndag 28. august 2011

vakne,fatte






vi som er råka av rekylen
vi som sit med ei framtid i fanget

vi som tek brødet og kjærleiken for gitt
noko vi kvar og ein kan bestille på internett  utan å stå opp frå kontorstolen
tynga ned av vår eigen navle

vi som har levd tre og fire gonger 15 år
vi som har nok fingrar og tusen val

kan vi gjera noko annleis med stilla som heng etter guten i nabolaget
kan vi vakne ein dag og fatte at kvart einaste hjarte er raudt
at kvar einaste øy heng  saman under havet

Posted by Picasa

søndag 21. august 2011

fredag 19. august 2011

under


Posted by Picasa
Eg  legg ut eit gamalt dikt, mest for å vise den fine illustrasjonen  (gjer unntak for heimelaga foto)  til Cecilie Ellefsen, som illustrerte diktet i Dagbladet.



om hun trodde på under


ja,de underligste, sa hun


som at blikket ditt falt ned fra himmelen


i det øyeblikk jeg fanget det

torsdag 18. august 2011

lørdag 30. juli 2011

4.93 millionar minus ein


Posted by Picasa
slik havet held armane kring øya
når ho søv
breier vi tankane rundt di siste redsle

fredag 29. juli 2011

universalfarge


Posted by Picasa
sommaren stikk opp mellom kvar ei tå

ein badeball  får fart frå brune hender


dei vaksne sit stille i skuggen


delar den svarte svien mellom raude hjarte

lørdag 23. juli 2011

23.juli 2011


Posted by Picasa
poesien leitar seg plass mellom orda

når dei eksploderar
teier det heimlause diktet

samlar seg over dirrande støv

Her er det også på svensk, omsett av den fine forfattaren Bengt Berg.
Sidan mi meining er at svensk er det vakraste språket eg kjenner til,
gjev det også dette vesle diktet eit løft. Det er meir intensitet i -darrande damm- enn i -dirrande støv-.
http://bengtbergs.blogspot.com


poesin letar sig plats mellan orden


när de exploderar

tiger den hemlösa dikten


samlar kraft över darrande damm

fredag 15. juli 2011


Posted by Picasa
dei har slutta og svelge kjærleiken rå
dei tek han filtermalt

onsdag 6. juli 2011

onsdag 29. juni 2011

gåve


Posted by Picasa
det uforståelege fnugget
frå alarmraud himmel

sprellar i pudra utakt

fersken
øreflipp
lysglimtet under steinen

vippar dagen over til meg

mandag 20. juni 2011

glansnummer



midnattsolen
fanger nattesøvnen
i gyllen lasso
viser sitt glansnummer
for døgnville

 (Frå -napp-, Orkana forlag 2004)

Sidan dette vesle diktet er omsett til mange språk (bl.a. kinesisk) tek eg med den engelske versjonen henta frå boka: "Northern light and midnight sun" (Natur og kulturforlaget)

Midnight sun
snares
night-sleep
in golden lasso
shows off its star turn
to the time-bemused
Posted by Picasa

torsdag 16. juni 2011






















alle er på veg til eit barn
dei flimrar forbi 
deg
ein stilleståande bauta over ingenting

ei hand i lufta  for å stoppe vinden
ein fot i jord for å kjenne  språket frå ein gamal morgon

ein dag er du  kartongen flyttefolka  har til overs
flat  og lite plasskrevjande
treng du ikkje  kle deg ut
for og passe inn på  kjøpesentret
der vektaren står støtt 
peikar på inngangen og seier det er utgangen




Posted by Picasa

lørdag 4. juni 2011

landet er på sitt lengste i juni


Posted by Picasa  verandadør på gløtt
   
     valmuer på  stolputa
 
    den innbilte syrinlukta 

søndag 15. mai 2011

maimorgon i Tromsø

etter piggfri søvn
tikkar morgonen inn på nytt
til lyden frå kostemaskina
 klar til å bløme på naken felg

torsdag 21. april 2011

påskeproviant for kladdeføre


  eit trekkplaster
      to appelsin
          tri kvite ark

 smøre  med tolmod
 lese teksten for ein motbakke

søndag 17. april 2011

torsdag 14. april 2011

dagar da det ikkje går å snakke
berre teie
lyge og lengte
etter å gråte i eit svalt kapell

onsdag 16. mars 2011

bad news



på dei krigsherja dagane

skrur eg ned til svart/kvitt

så skjer eg så fint eg kan

av osten
Posted by Picasa

mandag 14. mars 2011

setningsflåte

sjolv dei vakraste orda

dei vi flyt på
som salmer eller kontikiflåter

gøymer brådjup

der ikkje ein einaste bokstav slepp inn
Posted by Picasa

søndag 13. mars 2011

og til dei som ikkje lenger kan sjå



her
ifrå silkepapiret
vi bur på
kjem ein blome
til dei
havgapet slukte
og til dei
som måtte sjå på
Posted by Picasa