Antall besøkende siden 9. desember 09

torsdag 25. februar 2010

tittelen vert meisla ut



det ligg ei sorg inne i steinen
saknet etter føtene
lengten øvst i låra
etter nokon som krummar eit hår
etter barnet som ålar seg ut
slik landskapet sklir ut av ei usynleg livmor
etterlet ubrukte sko og nedfallsfrukt av grus
ventar steinen i fødestova av undring
på skulptørens keisarsnitt

lørdag 13. februar 2010

busstur i medkjensle





Gravene er grunne, seier omvisaren,trekorsa er komne opp.
Bak ei gran med skotsår tek ho av skorne. Trør berrføtt ned i mosen.
Ho kjenner anding mot fotsolen. Breier seg mjuk og svampaktig.
Pumpar opp ei raud søyle. Ho smuglar pusten med på bussen.
Balanserar han øvst i lungespissane.
På heimturen tel ho fem kyrkegardar.
Same natta forstår ho serbokroatisk.

torsdag 4. februar 2010

nok











eg og du og morgonsola
egg og duk og gorgonzola

speilegg jmf.§ 1 i fleire ættledd











øvst i trappa i det heiselause førkrigshuset
tek ho ein nitroglyserin
set eggekorga varsamt på bordet

det er noko eige ved frittgåande seier ho

jusstudenten i meg flyt ut i ein stor lunken plomme