Nordnorsk Forfatterlag har kvart år innslag på Festspela i Harstad. Eit år vart det laga store plakatar med tekst. Eg tok dette bilete da plakaten ei tid hang på Biblioteket i Tromsø. Arti at du kikker innom! :-)
-når monologen får napp
bryt dialogen vassflata
ringar oss inn..........................
......................................................
Hjernen har millionar av ubrukte celler. Eg vil prøve å bruke ei av dei her på bloggen. Så her går eg ,svinsar,skrid,haltar,hoppar, flanerer i nærmiljøet (m/unntak). Kjem ein langt nok unna er dette ein eksotisk stad. Dessutan er det store å finne i alt smått og omvendt.
Etter 40 års jobbing i psykiatrien veit eg og at -folk flest- ikkje finst og at -langt unna- ikkje er ein dimensjon for utspel verken av komedien, tragedien eller det surrealistiske.Heller ikkje for det ultimate vakre. Reprisar finst ikkje. Timane er ferskvare. Samstundes ER det lite nytt under den store sola og 40-watts-pæra er slik ho alltid har vore. Men vår eigen fiberoptikk tek heile tida nye vegar. Om vi hjelper litt til.
Her legg eg ut heimelaga. Prøver i all beskjedenheit og skreddersy tekst til bilde. Skuldersaum. I beste fall ei strippa løgn som liknar noko sant...Glimt frå det verkelege,vanlege absurde...
6 kommentarer:
Dægern, en diger plakat! Hvor henger denne? Et trist dikt, men svært godt satt ord på, da. :)
Nordnorsk Forfatterlag har kvart år innslag på Festspela i Harstad. Eit år vart det laga store plakatar med tekst.
Eg tok dette bilete da plakaten ei tid hang på Biblioteket i Tromsø.
Arti at du kikker innom!
:-)
Du vet ikke det, men jeg føler meg truffet. Etter de bruene jeg har brent. Det var nok ikke riktig. Men nydress har jeg riktignok ikke.
Oske er oske, så like bra med gamaldress vil eg tru.
Kanskje ligg det ein liten plankebit i innerlomma....
;-)
Fint
Takk.
Ikkje dumt å vrenge lommene....
:-)
Legg inn en kommentar