Dette er eit hus i Stjørdalen der eg vaks opp. Når ein hugsar korleis dei som budde der fylte huset vert minna så levande. Stilla kring slik hus har dette sukket i seg som berre finst der.
-når monologen får napp
bryt dialogen vassflata
ringar oss inn..........................
......................................................
Hjernen har millionar av ubrukte celler. Eg vil prøve å bruke ei av dei her på bloggen. Så her går eg ,svinsar,skrid,haltar,hoppar, flanerer i nærmiljøet (m/unntak). Kjem ein langt nok unna er dette ein eksotisk stad. Dessutan er det store å finne i alt smått og omvendt.
Etter 40 års jobbing i psykiatrien veit eg og at -folk flest- ikkje finst og at -langt unna- ikkje er ein dimensjon for utspel verken av komedien, tragedien eller det surrealistiske.Heller ikkje for det ultimate vakre. Reprisar finst ikkje. Timane er ferskvare. Samstundes ER det lite nytt under den store sola og 40-watts-pæra er slik ho alltid har vore. Men vår eigen fiberoptikk tek heile tida nye vegar. Om vi hjelper litt til.
Her legg eg ut heimelaga. Prøver i all beskjedenheit og skreddersy tekst til bilde. Skuldersaum. I beste fall ei strippa løgn som liknar noko sant...Glimt frå det verkelege,vanlege absurde...
6 kommentarer:
Godt å kunne eldes med verdighet, kanskje med lit hjelp.
Gode ord med gjenkjennelige bilder.
tak over hodet
men noen har tatt sin hatt
så fikk vi bildet
*575hah-haikupris!*
Dette er eit hus i Stjørdalen der eg vaks opp. Når ein hugsar korleis dei som budde der fylte huset vert minna så levande. Stilla kring slik hus har dette sukket i seg som berre finst der.
Det var et værbitt og vakkert lite hus! Mye historie innenfor de veggene der ja.
"Det sku bo folk i husan, husan e som folk. Folk træng hus, og hus træng folk i aill si tid." ♬ ♪♩♫
Ja, det er stint av historie både med og utan folk.
Legg inn en kommentar