dreg bremsen opp i øvste hakket
før naudlandinga
i den fargelause metropolen
utpå natta bryt kronologien saman
dehydrerte hundar
syg væske ut av tankane
jagar dei unna med små hender
vil ikkje ha Ketogan
vil ha skrei og blodappelsin
og sjå alle vel ut av huset
vil ikkje stå på lista over falne
vil stå med navn og elleve hardføre siffer
i Kraftregistret

6 kommentarer:
tør ikkje skrive ved sida av
her må eg berre skrive under
Takk for underskrifta!
:)
Et sterkt dikt! Skriver under her jeg også! Vil også se mine vel ut av huset. :)
Takk for underskrift nummer to. Kjem godt med det. :-)
jeg skriver under
No er vi minst fire som vil stå i Kraftregisteret!
:-)
Legg inn en kommentar