Antall besøkende siden 9. desember 09

torsdag 15. april 2010

genetisk happening


genetisk happening

kroppen opnar bakdøra til den tida
hundar fekk snu nasen i sjølvvalgt retning
og ingen visste kva ordet- vill- tydde

det digitale vart styrt frå ein blank peikefinger
og skjelpaddene forsto da som no at tida var eit hjarterått egg utan plomme

ingen mur skilde appelsintrea frå sine
ingen paradis sto med den eine foten i krateret og lukta bensin
eggeskala var mosaikken på vegen dit

i lomma på morgonkåpa flaut eit svart mausoleum
full av pengebøker og drukna gråt

før sirkelen på innsjøen flata ut
knuste eg monteret rundt smilet

vakna med hovudet på ein plastpose
eigar av eit digert dagligdags sekund

5 kommentarer:

jo li sa...

stikker
sirkler kuler
synger seg selvvalgt
vitende altets alfabet
gener

*tapasundringstakk*

Anonym sa...

Olava! Eg skulle ønske det blei diktsamling med fotos. Kjempeflott, både bildet og diktet.

Irene

tusen sa...

joli og Irene!
Takk for sjølvvalgte kommentarar!
Bileta som kjem ut frå mitt vesle digitale Canon Ixus er ikkje verdens beste
men hvis slumpen er på mi side kan det bli bra innimellom.

Linnea sa...

Veldig flott bilde (hva i alle dager der det der?) og tilhørende dikt. Enig med Irene over.

tusen sa...

Takk,takk.
Bileta er frå den raraste bakgården eg har vore i i vaken tilstand!