Antall besøkende siden 9. desember 09

lørdag 13. februar 2010

busstur i medkjensle





Gravene er grunne, seier omvisaren,trekorsa er komne opp.
Bak ei gran med skotsår tek ho av skorne. Trør berrføtt ned i mosen.
Ho kjenner anding mot fotsolen. Breier seg mjuk og svampaktig.
Pumpar opp ei raud søyle. Ho smuglar pusten med på bussen.
Balanserar han øvst i lungespissane.
På heimturen tel ho fem kyrkegardar.
Same natta forstår ho serbokroatisk.

2 kommentarer:

jo li sa...

medkjent
fotsolevarmt
andingsvart hjartehøyrd
nedskrive fototeikna lest
ditt språk

*undringsgladtapastakk*

tusen sa...

-Same natt forsto ho alle språk- kunne vel og hendt.
Takk for kreativ kommentar! :)