Antall besøkende siden 9. desember 09

torsdag 25. februar 2010

tittelen vert meisla ut



det ligg ei sorg inne i steinen
saknet etter føtene
lengten øvst i låra
etter nokon som krummar eit hår
etter barnet som ålar seg ut
slik landskapet sklir ut av ei usynleg livmor
etterlet ubrukte sko og nedfallsfrukt av grus
ventar steinen i fødestova av undring
på skulptørens keisarsnitt

6 kommentarer:

tusen sa...

Da eg skulle endra bilete til denne teksten vart dei høgst velkomne kommentarane dessverre sletta.

Bai sa...

For eit usedvanleg vakkert bilete du har tatt, til ein sterk tekst.

tusen sa...

Hei, der var du med den fine inspirerende bokbloggen!
Jeg er ingen god fotograf men det hender jeg får tatt fine bilder1
Takk for besøket.
:)

jo li sa...

snittet
gjorde du vel
gjennomlyst heilsikra
føddest ein gladstein vel kjend med
sorga

takkast
ei lukke av
vakse av lengt av sakn
skulle meiselslag synge seg
tittel

*tapasundring*

Mácsai Ferenc sa...

Super! :)

tusen sa...

Thank you!