Antall besøkende siden 9. desember 09

tirsdag 19. januar 2010

innbrot i mjuk masse

                                                                                                         

fredlaus mellom A-er og M-ar

i munnhola er ho aleine


mutist skriv dei og gjer repeterande rørsler

med honningsmurt spett


tonefallet er i naud


kraftige kjevar held regjeringsbygget hennar oppe

ein dag skal V-ar opne lufta ho tygg i seg

2 kommentarer:

jo li sa...

høyrer stilla best
lukte auge sentrerer
så bra at du skriv

tanken
ei aning først
bilde ord er etter
i vårt paradis vi møtest
ordlaus
---------

haiku/tapas-premiert :)

tusen sa...

Ja det er mykje mystisk på vegen mellom tanke og omgrep. :)