Antall besøkende siden 9. desember 09

søndag 14. november 2010

falle oppover





vera barnet som ikkje veit det er barn
vera i køen av ferske hendingar og  vite at no er no  
vera den mjukaste trafikanten frå den einaste staden
vera der himmelen havet  og husa går inn i same rytme
sjå opp på taket og svelge det i ein svimmel  salto

og det kjem ikkje an på
ein fot er nok
eitt auge er nok 
i den søte eimen fra djupet
er det lett og falle oppover

fredag 5. november 2010

lauvfall




varmen
frå ti millardar handflater
er ikkje nok

lauvet
fell
når det fell 

onsdag 6. oktober 2010

årringane skrellast av




Posted by Picasa 
du feier som ei svale
over kvar centimeter av jorda

flyg gjennom romma
ser i krokane etter hjarterytme

eit gamalt bord er duka
fata fylt opp av småprat,vaffellukt og små venger

eit nebb nappar i margen

du tek med ei løvetann
vakse opp i sprekken
mellom to trappetrinn 

tirsdag 21. september 2010

du vil avrunde heile tida














aldri vart du mett
puta ikring deg vaks
du sa det var fordi du ikkje kunne synge
du
som aldri fekk skrike

mandag 13. september 2010



























du kviler skuldra
mot stammen av ein rogn
når roa stiller seg ved sida av deg

begge tykkjer at rognebæra
heng passeleg høgt

fredag 27. august 2010

heimelaga
























investerer langsiktig
i ein heimelaga augneblink

eit daglidags sekund
eg tøyer ut i alle retningar

rissar ein huskelapp inn i kvitauget

søndag 22. august 2010























eit mørkeblått blaff
delte
huset i to
det andre auget
såg langt etter symmetrien

lørdag 31. juli 2010

nattønske




dreg bremsen opp i øvste hakket
før naudlandinga
i den fargelause metropolen

utpå natta bryt kronologien saman
dehydrerte hundar
syg væske ut av tankane

jagar dei unna med små hender

vil ikkje ha Ketogan
vil ha skrei og blodappelsin
og sjå alle vel ut av huset

vil ikkje stå på lista over falne
vil stå med navn og elleve hardføre siffer
i Kraftregistret

lørdag 26. juni 2010

okkupasjon





er her
like tilfeldig som vinden greier håret

sett frå kosmos
mindre enn flimmerhår

ved høge murar av meiningsløyse byggast svarte byar
temmer lyd og lys
gir statuett til beste skodespelar
og ber til kvar sin gud
om at borna ikkje må skrape seg opp på realitetane

på lyse dagen plantast stauder i naboens hage
overtek grinda

brått farlege
på kloss hald

mandag 21. juni 2010

forfremming




klipte av tanken og kasta seg mot baugen

historia fekk mange navn,ingen dåp

på kommoden

var ho dronning

over alle hav

onsdag 9. juni 2010

søndag 6. juni 2010

du har reist tilbake




under skråtaket ligg hytteboka
klam av snøen som fall ifjor

noterer
at du stenger av vatnet
dekker over staudene

før dei dekker deg

mandag 31. mai 2010

okkupert



menneskja si harde kvitring
held fuglane årvakne
når ingen sleiker jorda sine sår

med spirande ord i nebbet
bygger fredsduene reir

tett ved den rotlause stammen
høyrest treblåsarens pust

fredag 21. mai 2010

prikken over tolmodet



leitar i hylla etter eit nytt ord
ikkje for vaksinering svolt eller høgdepunkt

eit ord som held fram der tolmodet tek slutt
og gjerne ei maskin til å smørje det jevnt utover

mandag 17. mai 2010

inst i 17.mai




brydd over dei store orda
går eg ut på min vesle slottsbalkong
let vinden blåse solhatten til vers
med ei lang sløyfe av takksemd

onsdag 28. april 2010

torsdag 22. april 2010

i skuggen frå ein velgjerar



vaskemaskina verkar att
han skryt av middagen
augo er som nystrokne gardiner

ho må spørje han
korleis ho skal få sagt det

torsdag 15. april 2010

genetisk happening


genetisk happening

kroppen opnar bakdøra til den tida
hundar fekk snu nasen i sjølvvalgt retning
og ingen visste kva ordet- vill- tydde

det digitale vart styrt frå ein blank peikefinger
og skjelpaddene forsto da som no at tida var eit hjarterått egg utan plomme

ingen mur skilde appelsintrea frå sine
ingen paradis sto med den eine foten i krateret og lukta bensin
eggeskala var mosaikken på vegen dit

i lomma på morgonkåpa flaut eit svart mausoleum
full av pengebøker og drukna gråt

før sirkelen på innsjøen flata ut
knuste eg monteret rundt smilet

vakna med hovudet på ein plastpose
eigar av eit digert dagligdags sekund

lørdag 10. april 2010

onsdag 7. april 2010

aprilmorgon




i lyden frå kostemaskina
tikkar tilværet inn på nytt
ho har sove piggfritt
klar til å bløme på naken felg

mandag 8. mars 2010

gåte 8.mars


godarta rognebær?
kirsebær med slips?
ein mellomledar som har fortjent bedre?

torsdag 25. februar 2010

tittelen vert meisla ut



det ligg ei sorg inne i steinen
saknet etter føtene
lengten øvst i låra
etter nokon som krummar eit hår
etter barnet som ålar seg ut
slik landskapet sklir ut av ei usynleg livmor
etterlet ubrukte sko og nedfallsfrukt av grus
ventar steinen i fødestova av undring
på skulptørens keisarsnitt

lørdag 13. februar 2010

busstur i medkjensle





Gravene er grunne, seier omvisaren,trekorsa er komne opp.
Bak ei gran med skotsår tek ho av skorne. Trør berrføtt ned i mosen.
Ho kjenner anding mot fotsolen. Breier seg mjuk og svampaktig.
Pumpar opp ei raud søyle. Ho smuglar pusten med på bussen.
Balanserar han øvst i lungespissane.
På heimturen tel ho fem kyrkegardar.
Same natta forstår ho serbokroatisk.

torsdag 4. februar 2010

nok











eg og du og morgonsola
egg og duk og gorgonzola

speilegg jmf.§ 1 i fleire ættledd











øvst i trappa i det heiselause førkrigshuset
tek ho ein nitroglyserin
set eggekorga varsamt på bordet

det er noko eige ved frittgåande seier ho

jusstudenten i meg flyt ut i ein stor lunken plomme

søndag 31. januar 2010

slangebæraren





















å strekke ut handa
framkalle bileta
frå generalforsamlinga
fullmakta til å seie nei
akklamasjonen i nervesenteret
slangesuset
flaksinga frå ein fregattfugl

onsdag 27. januar 2010

myggkjenning


diktet surrar rundt 

ein svolten mygg i natta

eg syg blodet ut av det 

kvar gong det borar seg gjennom ei åre

tirsdag 19. januar 2010

innbrot i mjuk masse

                                                                                                         

fredlaus mellom A-er og M-ar

i munnhola er ho aleine


mutist skriv dei og gjer repeterande rørsler

med honningsmurt spett


tonefallet er i naud


kraftige kjevar held regjeringsbygget hennar oppe

ein dag skal V-ar opne lufta ho tygg i seg

søndag 17. januar 2010

midtvegs






 







ein morgon når kroppen har mjukna


barnet har dempa lydane

og spørsmålsteikna  har flata ut

 

har han vorte ein annan

 

dei kostar smulane i same retning

munnane lukkar seg på same måte

 

under huset snurrar jorda og mumlar midtvegs

utan eit ord er dei einige om at barnet treng nye sko

tirsdag 12. januar 2010

etterbyrd



tilogfrasene er over

tek munnen med til ei stille grop

ettersleikar