Antall besøkende siden 9. desember 09

lørdag 29. august 2009

framkalling


ho går på sparebluss
i jorddunsten
egga i mørkerommet
flomlyset frå han
som strauk forbi

garnvasen med spørsmål minkar


mistar teljinga på dei sju himlane
alle borna er førstefødte
krafsinga etter meining i gropa på stollenet
utan minne er ho ingen
ein laus tråd og eit tomt naust
i kvart auge
sonen les seg opp om båtar

nostalgi (sundagsdessert)


krem-mor og unge
hjulvisp og tunge

ein bilyd av poesi







lørdag 22. august 2009

alkymi




all motstand skal samle seg i eit svart hol

implodere

omdannast til ei einaste glitrande stund
og morgonen skal bretta ut midtsida med godt nytt

alle skal forstå blindeskrift utan vidare

inga mistyding av dei små fuktige klikka

når leppene tek sats

søndag 9. august 2009


i det tronge venterommet
lokkar tida
med kappgang

meditasjon


det næraste du kjem
er ditt eige gjenskin
når du duvar opp-ned
i dei kjæraste pupillane
i universet
og freistar snu
alle sider opp
før sansen
for fuktig lys
fordampar

gråbleikt


det heng morgondis over frokosten
den rå dampen tyt inn i holromma
vekesgamle tulipanar feller klørne
ho er gråbleik av å kikke ut
hovuda står på eggeglas og føtene går sin eigen veg
ei heil eng i bløming hadde vore for lite