Antall besøkende siden 9. desember 09

mandag 16. mars 2009

hårfint


ville vore nøgd
utan plikta til å vera glad
innsikta brummar
humleaktig
kjem seg ikkje på vengene
ein dag
ligg likesæla
rundt føtene
som avklypt hår

mandag 9. mars 2009

MUF(fens)










den vesle skreddaren

ikkje mindre

enn at han sydde saman to hus

og eit nettverk

stort som ei øy

(Hawre M. Ali frå Nord-Irak

fekk ikkje arbeids-og opphaldsløyve

etter 10 år i landet,av dei 6 år

som skreddar i Tromsø)