Antall besøkende siden 9. desember 09

tirsdag 6. januar 2009

rop























ingen munn er stor nok



kva kostar eit levande barn

armane som veks fram av mjølk og morgonlys

munnen fra øyre til øyre

tankane som hoppar langs tilværet


kva kostar det å stave verda inn i eit språk på fire bokstavar

den pulskledde uroa

tomromma geneasjonar ber på ryggen


kva kostar eit barn som kjem heim til foreldra

vassrett frå ei varevogn


ingen munn kan romme summen

ingen munn kan snakke seg frå Absurdia


berre rope

frå grensestolpane