Antall besøkende siden 9. desember 09

mandag 5. oktober 2009

å himle på kafeen



























det finst snarvegar mellom univers

sa dei på kunnskapskanalen og viste

ein fargerik tunnel ei handsbreidd unna



som når du kjem inn på kafeen og blikka

tek kortaste vegen

knyter elektriske sløyfer mellom oss

og vi stig
boblande
dultar hovuda i regnbogen som luktar vin
dei magnetiske polane strammar tida

og regninga er ein meteor

på kollisjonskurs med atmosfæren


når vi går er det med motvillige rykk

som lokomotiva på Røros vinterstid

10 kommentarer:

Midifila sa...

Herlig punchline!
På tusenvis:)

Ole sa...

Ormehullene var et veldig god bilde på blikk-kontakten mellom oss! I løpet av bare et tusendels sekund kan det oppstå en helt spesiell gjensidig kontakt. En elektrisk sløyfe, slik du sier.. :)

tusen sa...

Hei Midifila!
Her går det mykje i mikro og lite i kos mos.
(Hadde gløymd eit ord i siste strofe)
Gildt at du stakk innom!

tusen sa...

Hei Ole!
Eg hadde ei aning om at dei heitte ormehol (som ord er meir dramatisk enn poetisk i mine øyre)Dei store og små universa er forbausande like?!Det kan ein alltids tenke på medan ein tinar blåbær til pannekakene. :)

olehorvli sa...

Aaah.. blåbær og pannekaker.. Blåbærene må være rørte, selvsagt! Og har du forsøkt stekt bacon og masse baconfett i tillegg? Det er ormehull rett i sansenes rike. :))

tusen sa...

Rørte blåbær:-ormeholet til sansanes sitt rike-.
Det trur eg du har rett i!
Bra sagt! :)

Linnea sa...

.....og RøR os banen til riker der ikke beina kan ta oss!

tusen sa...

Vi kan nok ta både rør os -og N-Norge-banen til fjerne stryk og strøk! :)

Irene Larsen sa...

Flott dette, Olava. Kontrastene mellom det abstrakte/universelle og det helt, helt konkrete var så virkningsfull. Digger slutten!

Irene

tusen sa...

Ja det hender det fungerer. Du er nærast for spesialist og rekne på mikro-makro! :)