Antall besøkende siden 9. desember 09

mandag 16. mars 2009

hårfint


ville vore nøgd
utan plikta til å vera glad
innsikta brummar
humleaktig
kjem seg ikkje på vengene
ein dag
ligg likesæla
rundt føtene
som avklypt hår

4 kommentarer:

jo li sa...

pliktskapt glede nei
hårfint skilt frå den ekte
lukkesæle lyft

*gladhaiku*

tusen sa...

lyft med lyset si fart :)

Irela sa...

Flott dikt som står på helt på egne bein uten bildet, men dess finere med kombinasjon!

irene :)

tusen sa...

Jau takk,Irene
Eit dikt som treng meire stussing trur eg.
:)