Antall besøkende siden 9. desember 09

tirsdag 6. januar 2009

rop























ingen munn er stor nok



kva kostar eit levande barn

armane som veks fram av mjølk og morgonlys

munnen fra øyre til øyre

tankane som hoppar langs tilværet


kva kostar det å stave verda inn i eit språk på fire bokstavar

den pulskledde uroa

tomromma geneasjonar ber på ryggen


kva kostar eit barn som kjem heim til foreldra

vassrett frå ei varevogn


ingen munn kan romme summen

ingen munn kan snakke seg frå Absurdia


berre rope

frå grensestolpane

12 kommentarer:

Irene sa...

Takk for både dikt og bilde!

Anonym sa...

Hei Olava!

Dette var veldig flott.

LeneW

jo li sa...

eg stavar meg B A R N
finst ikkje større enn det
det er Du og Meg


*haikuroptakk*

Linnea sa...

desverre reelt og aktuellt. Flott dikt som er større enn seg selv.

jo li sa...

livet
så kort eit glimt
såg eg det frå slutten
munnen rakk ikkje opne seg
ordlaust

smerte
ei sorg eit sakn
for å få vite det
berre barn å få vere barn
å få

større
krev det mindre
gjer eg det minste størst
lukkeleg sæleglede kjem
nærast


*ettertanketapas*

Zooey sa...

Å, dette, Olava! Og ikke minst de tre siste linjene. Røskende. Takk!

tusen sa...

Ja kva kan ein gjera anna enn å rope...
og snakke med kvarandre
Med venleg helsing Olava

Irene Larsen sa...

Flott å se dette diktet på side to i Dagbladet i dag, Olava!

Anonym sa...

Dette var fint mamma !


Lars Imre

tusen sa...

Irene og Lars Imre!
Fint at du synest det.
Skulle ønske eg fekk til å skrive politiske prega dikt oftare men finn det vanskeleg-.

x sa...

Et utrolig fint og sterkt dikt.

Anonym sa...

Xtra hyggeleg med uventa besøk!
Olava takkar X