Antall besøkende siden 9. desember 09

torsdag 31. desember 2009

TAKK for det gamle!








urmakar


kvar augneblink tikkar og takkar tida for seg

står stødig opp frå dei døde

svinger urmakaren rundt med sekundvisaren

som nappar ut eit grått hår

når julesvibelen sig i kne 


onsdag 30. desember 2009

onsdag 23. desember 2009

god julehelg til deg som er innom


alle gler seg ikkje til jul


lysår unna

alle ord som starter på jul
endar hos meg før dei har kome fram

eg ventar ingen forseinka
her i min eigen heim får ingen gud auge på meg
berre ho frå Frelsesarmeen som samlar inn

snart vender sola andletet mot augeloka mine

mandag 7. desember 2009

nocturna























skulpturen i verdsrommet

hunden på bakkekammen

månen

ei vinkork

fredag 27. november 2009

kvar er tida når ein ventar mest



tida sto med korslagte armar

held trådendane tett inntil brystet

ein dag tok ho fram bordveven

no har ho alt stripete belte i tolmod

innsida av november





kva veit dei flate krypa under steinen om overlydsfly

kva finn eg ut om døden

anna enn hendingar frå livet

som kravlar fram og tilbake gjennom dei setningane

eg har berga i hus

mandag 16. november 2009

regi for små vibrasjonar


inne i sundagen
på sofaen
vippar ho med foten
ventar på at han skal strekke seg etter avisa
ho har lagt slik
at overarma hans rører kinnet og pannehåret
og vibrasjonen skal reise bakover i tida
til heimekinoen og filmen skal starte på nytt

søndag 18. oktober 2009

lauv

varmen frå ti milliardar handflater
er ikkje nok
lauvet fell
når det fell



























mandag 5. oktober 2009

å himle på kafeen



























det finst snarvegar mellom univers

sa dei på kunnskapskanalen og viste

ein fargerik tunnel ei handsbreidd unna



som når du kjem inn på kafeen og blikka

tek kortaste vegen

knyter elektriske sløyfer mellom oss

og vi stig
boblande
dultar hovuda i regnbogen som luktar vin
dei magnetiske polane strammar tida

og regninga er ein meteor

på kollisjonskurs med atmosfæren


når vi går er det med motvillige rykk

som lokomotiva på Røros vinterstid

mandag 28. september 2009

ekteskrap


ho lever papirtraust
lagar middag til ein og ein
om dei kjem til same staden etter dette
er det ikkje han ho vil snakke mest med

å vente er ein vane
som å puste
har gløymd kva det skal hjelpe for

fredag 11. september 2009



på dei krigsherja dagane

skrur eg ned til svart-kvitt


så skjer eg så fint eg kan av osten





















torsdag 10. september 2009

lørdag 29. august 2009

framkalling


ho går på sparebluss
i jorddunsten
egga i mørkerommet
flomlyset frå han
som strauk forbi

garnvasen med spørsmål minkar


mistar teljinga på dei sju himlane
alle borna er førstefødte
krafsinga etter meining i gropa på stollenet
utan minne er ho ingen
ein laus tråd og eit tomt naust
i kvart auge
sonen les seg opp om båtar

nostalgi (sundagsdessert)


krem-mor og unge
hjulvisp og tunge

ein bilyd av poesi







lørdag 22. august 2009

alkymi




all motstand skal samle seg i eit svart hol

implodere

omdannast til ei einaste glitrande stund
og morgonen skal bretta ut midtsida med godt nytt

alle skal forstå blindeskrift utan vidare

inga mistyding av dei små fuktige klikka

når leppene tek sats

søndag 9. august 2009


i det tronge venterommet
lokkar tida
med kappgang

meditasjon


det næraste du kjem
er ditt eige gjenskin
når du duvar opp-ned
i dei kjæraste pupillane
i universet
og freistar snu
alle sider opp
før sansen
for fuktig lys
fordampar

gråbleikt


det heng morgondis over frokosten
den rå dampen tyt inn i holromma
vekesgamle tulipanar feller klørne
ho er gråbleik av å kikke ut
hovuda står på eggeglas og føtene går sin eigen veg
ei heil eng i bløming hadde vore for lite

fredag 3. juli 2009

vektanalyse



kvelden er eit nakent

skrapelodd

etter andre augekastet

er minstepremien

verdt si vekt

i lettnad

onsdag 1. juli 2009

mellom barken

tverrsnittet av kroppen
langt over røtene
små dammar av anger
siv ut
stivnar i dyreriket

i lufta under albogane bur ein turr lengt






søndag 21. juni 2009

bæ bu bæ bu


om det var "rektig" av Bjarne Håkon
å ta den telefonen............................
bæ bu

i 40 varme grader heng skuggen som eit slips




asylsøkaren tek eit steg inn

ho kjenner han att på det høgfrekvente spelet
og dei sterke tennene

han stryk motet medhårs og spør etter passord

-grashoppe- seier ho bak myggnettet av reglar
og svingar døra utover




Sirisser har ufullstendig forvandling, overgang fra nyklekt larve til det voksne kjønnsmodne insektet går gradvis gjennom flere nymfestadier.
Sangen [rediger]
De fleste gresshopper synger og har en meget kraftig, gjerne høyfrekvent sang. Det er hannen som synger ved å gni vingene mot hverandre. De ulike artene har ulik sang. Sangen frambringes ved at vingene gnis mot hverandre, eller mot noen tagger på bakbeina. Hos løvgresshopper sitter disse taggene på vingen og kalles stridulasjonskammer. Hos markgresshopper sitter de på innsiden av de krafige baklårene og kalles stridulasjonsfiler, lyd frambringes ved at disse gnis mot en skarp kant på vingen. De fleste eldre mennesker har redusert hørsel, og vanligvis er den blitt såpass dårlig at de ikke oppfatter den høyfrekvente gresshoppe-sangen mer. De kan si at gresshoppene har blitt borte, men det er nok feil.

onsdag 29. april 2009

balansere på ei rå kule


vakne
i det opne gapet
for spørjetegn og gullfisk
fridomen eit blått måndagsbad dei kunne vore to om
under senga ein bankande puls med rosa kjerne

mandag 6. april 2009

i krysset mellom stilla og larmen
rettar ho ryggen så langt det går
dreg pusten
og set tennene i samtida