Antall besøkende siden 9. desember 09

lørdag 29. november 2008

onsdag 26. november 2008

fabel-aktig?


på kjøpesenteret

mellom dragsug og framsteg

kjem reptilen til syne

torsdag 20. november 2008

novembervarme


-We don`t see things as they are.
We see things as we are.-
(Anais Nin)

tirsdag 18. november 2008

skrifta på veggen




















plassen mellom bokstavane gjer rom for pusten
startar ei symmetrisk samtale med byggmeisteren

målet med reisa, seier han, er å legge ein og ein stein
til ansiktet fell på plass under huda

og språket blir stjerneklart

plikt til å teie


ryggen mot klagemuren
sukka snur seg i sprekkene
inga due i sikte

lørdag 15. november 2008

fotflørt


pikant palmeporno
eller
grunnkurs i samleie?

lårkort


ei uløyst gåte
ti opne bøker
to føter i jorda
tre i lause lufta...

audio-visuell ku-ordinasjon


i minnet inst i tørrhøyet
dinglar kalvestadiet i tilmålt kjetting
med fire rotfrukt i kvar mage
skal skuggane under bakbeina
ein dag kastast til himmels
og framtida vera eit grasgrønt firsprang

Tornerose er vaken


å stå i vid-skrinet
pynte opp i tomromma
strekke seg frå øyre til øyre
heilt til den kvasse tanna

tirsdag 11. november 2008

ingen skjøt der spiralen snur

















solbadar tankane

i ukjent faktor


på terrasseveggen tek skuggane

tilfeldige symjetak


mot ein livbåt med gardiner

søndag 9. november 2008

å innreie eit krater




han heitte Augustin
han dyrka fram tomatar og mogne tankar
han ynskte seg ei fåmælt kone