Antall besøkende siden 9. desember 09

søndag 28. september 2008

lørdag 27. september 2008

klimaendring


ei vill natt
skal Barentzhavet slå sporden
i forhandlingsborda
frotse i rekved
og dei gassdrivne englane
skal dumpe ned
på globale springbrett
ein dag når mammutsalet er over
og tundraen opnar kraniet
er du for seint ute

søndag 21. september 2008

enno kikkar ho ut




kva heiter havet ein vindstille dag?




dagane ulike som vassdropar
mellomlandar regnet
lenge nok til å spegle seg og handhelse
Klote Blas Glint
før dei glir
stillteiande
gjer plass for Skine Eia og Mjå