Antall besøkende siden 9. desember 09

lørdag 20. desember 2008

mellom rillene



dei gode ønskene frå i fjor

ligg i persienne-støvet

i måsefjøra ho brukar til børste

ho må nyse og hugsar naboens nyårsønske

og slepp inn det vesle lyset

fredag 19. desember 2008

uhyre vaken


1. prøvesyng for blandakoret?
2. Ø-N-H-spesialisten`s våte draum?
3. fiskekabareten`s glansnummer?
4. vanleg gjelletrim?

torsdag 18. desember 2008

full fart mot rom-jul


desse er tilsette i desember som veggpryd, serviettringar
og heis for humøret

lørdag 29. november 2008

onsdag 26. november 2008

fabel-aktig?


på kjøpesenteret

mellom dragsug og framsteg

kjem reptilen til syne

torsdag 20. november 2008

novembervarme


-We don`t see things as they are.
We see things as we are.-
(Anais Nin)

tirsdag 18. november 2008

skrifta på veggen




















plassen mellom bokstavane gjer rom for pusten
startar ei symmetrisk samtale med byggmeisteren

målet med reisa, seier han, er å legge ein og ein stein
til ansiktet fell på plass under huda

og språket blir stjerneklart

plikt til å teie


ryggen mot klagemuren
sukka snur seg i sprekkene
inga due i sikte

lørdag 15. november 2008

fotflørt


pikant palmeporno
eller
grunnkurs i samleie?

lårkort


ei uløyst gåte
ti opne bøker
to føter i jorda
tre i lause lufta...

audio-visuell ku-ordinasjon


i minnet inst i tørrhøyet
dinglar kalvestadiet i tilmålt kjetting
med fire rotfrukt i kvar mage
skal skuggane under bakbeina
ein dag kastast til himmels
og framtida vera eit grasgrønt firsprang

Tornerose er vaken


å stå i vid-skrinet
pynte opp i tomromma
strekke seg frå øyre til øyre
heilt til den kvasse tanna

tirsdag 11. november 2008

ingen skjøt der spiralen snur

















solbadar tankane

i ukjent faktor


på terrasseveggen tek skuggane

tilfeldige symjetak


mot ein livbåt med gardiner

søndag 9. november 2008

å innreie eit krater




han heitte Augustin
han dyrka fram tomatar og mogne tankar
han ynskte seg ei fåmælt kone

søndag 28. september 2008

lørdag 27. september 2008

klimaendring


ei vill natt
skal Barentzhavet slå sporden
i forhandlingsborda
frotse i rekved
og dei gassdrivne englane
skal dumpe ned
på globale springbrett
ein dag når mammutsalet er over
og tundraen opnar kraniet
er du for seint ute

søndag 21. september 2008

enno kikkar ho ut




kva heiter havet ein vindstille dag?




dagane ulike som vassdropar
mellomlandar regnet
lenge nok til å spegle seg og handhelse
Klote Blas Glint
før dei glir
stillteiande
gjer plass for Skine Eia og Mjå

torsdag 28. august 2008

lørdag 23. august 2008

drop-in n
















å stå oppreist i regnet


kome så nær dropane


at gjenskinet har fornamn