fredag 27. november 2009

kvar er tida når ein ventar mest



tida sto med korslagte armar

held trådendane tett inntil brystet

ein dag tok ho fram bordveven

no har ho alt stripete belte i tolmod

innsida av november





kva veit dei flate krypa under steinen om overlydsfly

kva finn eg ut om døden
anna enn hendingar frå livet

som kravlar fram og tilbake gjennom dei setningane

eg har berga i hus

mandag 16. november 2009

regi for små vibrasjonar


inne i sundagen
på sofaen
vippar ho med foten
ventar på at han skal strekke seg etter avisa
ho har lagt slik
at overarma hans rører kinnet og pannehåret
og vibrasjonen skal reise bakover i tida
til heimekinoen og filmen skal starte på nytt

søndag 18. oktober 2009

lauv

varmen frå ti milliardar handflater
er ikkje nok
lauvet fell
når det fell



























mandag 5. oktober 2009

å himle på kafeen



























det finst snarvegar mellom univers

sa dei på kunnskapskanalen og viste

ein fargerik tunnel ei handsbreidd unna



som når du kjem inn på kafeen og blikka

tek kortaste vegen

knyter elektriske sløyfer mellom oss

og vi stig
boblande
dultar hovuda i regnbogen som luktar vin
dei magnetiske polane strammar tida

og regninga er ein meteor

på kollisjonskurs med atmosfæren



når vi går er det med motvillige rykk

som lokomotiva på Røros vinterstid

mandag 28. september 2009

ekteskrap


ho lever papirtraust
lagar middag til ein og ein
om dei kjem til same staden etter dette
er det ikkje han ho vil snakke mest med

å vente er ein vane
som å puste
har gløymd kva det skal hjelpe for